GULEN: Gidd du ikkje skrapa bilen skikkeleg, kan det kosta deg dyrt. Det fekk ein bilførar på Dalsøyra erfara i går tidleg. Med berre ein liten glugg å sjå gjennom i frontruta, måtte vedkomande ut med 2000 kroner i bot til politiet som stod på lur.
[08.02.10 16:56]LINDÅS: To menn rauk i kvarandre på Westland hotell i eittida natt til søndag, men slagsmålet vart ordna opp i på plassen utan meir støy, seier lensmann Einar Vatne ved Nordhordland lensmannskontor.
[08.02.10 16:55]LINDÅS: Natt til søndag vart det gjort innbrot i ein einebustad i Litlevika og ein i Burkhovdane. I følgje lensmann Einar Vatne i Nordhordland lensmannsdistrikt hadde det eine huset alarm, men innbrotstjuvane fann ut kva rom det ikkje var alarm på og rota rundt der.
[08.02.10 16:55]Fem naust med balkong i Skjelsundet i Masfjorden er lovlege, har Fylkesmannen i Hordaland slått fast.
![]()
Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.
Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim.
Over 700 vart evakuert etter gasslekkasje måndag føremiddag, men om lag 11.05 var faren over.
Manger Musikklag vann med minste margin føre Eikanger-Bjørsvik Musikklag under NM i brass i Grieghallen.
KNARVIK: Stemninga framfor årets Elevaksjon for Aserbajdsjan er god, og kan gje ny rekord. Her er Maren Elise Svendsen, Elise Mjøs og elevrådsleiar Rosmari Valdersnes.
GULEN: Både foreldre, Eivindvik UL og Eivindvik/ Gulen Sanitetslag vil helst at den nye barnehagen skal byggjast på same tomta der barnehagen er no.
Sjukepleiarstreiken kunne ført til at Haukeland pasienthotell i Bergen måtte stengja fredag ettermiddag, men regjeringa greip inn og avvkla streiken med tvungen lønsnemnd.
Ein mann frå Gulen er dømd til fengsel i 14 dagar for å ha køyrt bil med promille. Dommen er på vilkår i to år. Men mannen må også ut med ei bot på 75.000 kroner.
Ein mann i 30-åra frå Nordhordland er i Nordhordland tingrett dømd til 120 dagars fengsel for seksuell trakassering av to mindreårige jenter.
MANGER: Erlend Aagaard Nilsen og dei andre i Manger Musikklag viste intens konsentrasjon og fekk fram bodskapen, på før-NM-konserten søndag.
Dei næraste månadene vil jet-drivstoff til flya på Flesland verta frakta med tankbil frå Mongstad.
Ein sentral KrF-politikar er for homofile ekteskap, og vil ha ein ny Israel-politikk. Det kan skada partiet i høve til veljargrupper på Vestlandet, trur Pål Kårbø.
KNARVIK: Dei fleste bussane såg ut til å halda skjemaet då Skyss sette i verk nye ruter i dag.
Fjorten av 500 medlemer kom på ekstraordinært årsmøte i Radøy/Manger Fotballklubb. Dei 14 bestemte at andre foreldre skal tvingast til engasjement.