Strilen / Nyheter / Nye ruter omtrent i rute
Brukernavn 
Passord 
 
Nye ruter omtrent i rute

Nye ruter omtrent i rute

KNARVIK: Dei fleste bussane såg ut til å halda skjemaet då Skyss sette i verk nye ruter i dag.

Publisert 01.02.10 18:52
Endret 01.02.10 18:52

– Eg brukar buss kvar måndag, får me i all hast vita av Kirsten Risa då ho har kome seg inn på 320-bussen frå Knarvik til Bergen i går.

Klokka 08.02 kunne Nobina-sjåfør Jan Gullaksen vinka farvel til Strilen sin fotograf og setja kursen mot Bergen. Dermed var avgangen så godt som i rute etter dei nye rutene frå 1. februar.

Ein avgang rauk
Strilen kontrollerte fleire av avgangane frå Knarvik mellom klokka 08.00 og 08.20 i går. 320- avgangen til Bystasjonen klokka 08.15 var også nesten i rute.

– No har eg nett fortald Strilen at alt går fint! er svaret frå sjåfør Karl Ystebø etter eit anrop over bussane sitt samband.

Meldinga er at bussen med avgang 08.15 til Åsane Terminal har fått øydelagt ein spegel og ikkje kan køyra.

Ystebø er kjapt ute av bussen og får med seg fem-seks passasjerar som har søkt dekning for snøfallet i venteskuret. Ystebø forklarer at deira avgang ikkje går og hentar dei med seg inn i sin buss.

– Eg må få dei nedom i Åsane, seier han og køyrer 08.20, altså fem minuttar etter ruta.

Jarle Sanden melder at han er i rute: Han har avgang til Alver og har med seg blant anna elevar frå Åsane til Knarvik vidaregåande skule. Avgangen går som oppsett 08.15.

Litt sein nordover

Sjåfør Leif Nordanger skulle også ha køyrd 08.15 for å halda ruta frå Knarvik til Mastrevik.

– Eg var kring fem minuttar sein til Knarvik, men tidsnok til å få passasjerane med by-bussen. Det var ei litt forseinka ferje til Leirvåg som gjorde at eg vart litt etter ruta, opplyser han.

Nordover har han blant anna med seg ein pendlar frå Knarvik som skal til Mongstad og håpar bussen køyrer i rute. Når Strilen går klokka 08.20, må bussen venta på ein litt forseinka buss frå Åsane Terminal. Forventa avgang mot Mastrevik er klokka 08.25.

LITT?SEIN: Kirsten Risa kom seg avgarde 2 minuttar etter ruta frå Knar-vik, med Jan Gullaksen som sjåfør. LITT?SEIN: Kirsten Risa kom seg avgarde 2 minuttar etter ruta frå Knar-vik, med Jan Gullaksen som sjåfør.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Norovirus på Knarvik sjukeheim

Norovirus på Knarvik sjukeheim

16 bebuarar på Knarvik sjukeheim er smitta av Noroviruset. – At dei eldre er smitta, er uheldig, seier kommunelege Lars K. Lie, som har sett restriksjonar på besøk.

    Byggjer ut i Alvermarka

    Byggjer ut i Alvermarka

    Den kristne grunnskulen i Alvermarka får ny andre-etasje.

      Med ein 6. sans i magen

      Med ein 6. sans i magen

      LINDÅS: Dersom du lurte på om det var Tore André Ekerhovd du såg på fjernsynet i går kveld, så såg du ikkje syner.

        Ras stengde veg

        Ras stengde veg

        GULEN: Fleire snøras stengde i dag, måndag, Fv 5 ved Kringla

          Hallén fotballpresident

          Hallén fotballpresident

          Ynge Hallén (41) frå Alversund er vald til ny fotballpresident.

            Rosedyrking på smertegrensa

            Rosedyrking på smertegrensa

            MELAND: Å dyrka roser i ein så kald vinter som i år med høge energiutgifter, er ein risikosport.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              På forsiden nå