Strilen / Nyheter / Kraftig prishopp for eldre i Meland
Brukernavn 
Passord 
 
Kraftig prishopp for eldre i Meland

Kraftig prishopp for eldre i Meland

Også leiaren i eldre­rådet, Gunnar Furubotten, vil merka det: Meland aukar eigen­betalinga kraftig og tek betalt for tenester som før var gratis.

Publisert 29.01.10 17:56
Endret 29.01.10 17:56

– Eldrerådet har motvillig støtta denne kraftige auken frå 2010, opplyser leiar Gunnar J. Furubotten.
Han seier at rådet ikkje ville vera med på det som var alternativet:
– Det var at kommunen må kutta og gje eit dårlegare tilbod. Men me synest det er litt leitt at kommunen no må ta ein stor jafs, i staden for at dette hadde kome i trappetrinn.
Men når noko er litt leitt, meiner Furubotten det og er grunn til å gleda seg litt:
– Me får gleda oss over at brukarane i Meland har hatt svært rimelege tenester i mange år, samanlikna med mange andre kommunar.
– Trur du mange kjem til å hoppa i stolen?
– Det kjem litt an på måten dei får dette presentert på, seier Furubotten. Sjølv vil han og merka auken, men berre i liten grad.
Eldrerådet var heller ikkje glad for eigedomsskatten for private som Meland innførte i fjor. Men så langt synest ikkje Furubotten det har gjeve for alvorlege utslag for dei elder.

Same som Lindås
– Me har lagt oss på same nivå som nabo-komunen Lindås.
Det seier kommunalsjef for pleie og omsorg Helge Kvam, som har laga den omfattande saksutgreiinga om heving av eigenbetalinga. Han viser til at dei nye satsane no er tilrådd av eldrerådet, rådet for pesonar med funksjonshemming, levekårutvalet og seinast formannskapet onsdag.
Dermed står berre att ei endeleg godkjenning i kommunestyret 10. februar.
– Etter eit lågt anslag vil kommunen få inn 1,3 millionar kroner ekstra i  2010, seier Kvam. Han har fått «i fanget» å forbetra pleie og omsorg si drift med 6 millionar kroner per år. Det inngår i Meland sin innsats med å ha klar ein spareplan på 16 millonar i året innan sommaren.
Sjølv om meininga mest er å kutta utgifter, ligg litt av potensialet også i å auka inntektene.

50 kroner timen historisk
Den femtilappen per time som minstepensjonistar i Meland har sluppe unna med siste ti åra, vert no historie.
Timesatsen opp til 2G pensjon aukar til 160 kroner. Men om denne gruppa treng meir enn ein time heimehjelp for månaden, slepp dei betala ekstra. Utgiftstaket er nemleg 160 kroner.
Det er dei med betre pensjon som må ut med meir. Til dømes for 3-4G vert utgiftstaket 1050 kroner månaden.

Ikkje lenger gratis

Meland har i fleire år ytt gratis tenester som ikkje er lovpålagde. Døme er opphald ved dagsenter, henting og bringing dit og transport av matlevering.
Dette er det no slutt på!
Men prisen treng kanskje ikkje skremma nokon frå å verta heime: Satsen er sett til 20 kroner per dag på dagsenter og 20 kroner dagen for henting og bringing.
Om oppmøtet vert som no, kan dagsenteret gje kommunen ekstra inntekter på 75.000 kroner i året.
Dei som får levert middag, må ut med 10 kroner dagen for dette. Dette kan faktisk gje kommunen ei årleg ekstrainntekt på 250.000 kroner.
Det vert og innført eigenbetaling for tekniske hjelpemiddel, ledsager­teneste og for handling av mat utført av heimehjelp.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ras mot bil i Lindås

Ras mot bil i Lindås

Ei kvinne slapp med skrekken då 200 meter kommunal veg vart øydelagt av ras torsdag kveld.

    Vil satsa på revefarm

    Vil satsa på revefarm

    MELAND: Etter to års prøvedrift kan det no verta fast revefarm på Røyset.

      Fryktar forgubbing utan einebustader

      Fryktar forgubbing utan einebustader

      KNARVIK: Knarvik kan verta ein pensjonisthovudstad med berre nye leilegheiter, fryktar Alexander Kittang.

        – Ikkje lærar, men lærarinne

        – Ikkje lærar, men lærarinne

        LINDÅS: Målsak, språk og kjønn var tema for 8. mars-markeringa i Knarvik.

          Myking-elevar best på avis

          Myking-elevar best på avis

          LINDÅS: Elevar på Myking skule har gjort det til ein vane å vinna «Vis med avis»-konkurransen. No har dei klart det igjen.

            – Gler oss til å dømma

            – Gler oss til å dømma

            KNARVIK: Interessa for fotballdømming er for låg i NBK. Tysdag arrangerte dei dommarkurs.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              På forsiden nå