Brukernavn 
Passord 
 

Manuell dirigering ved Brekke

GULEN: Vegen mellom Instefjord og Brekke er opna for trafikk etter at han i natt var stengd på grunn av fare for ras.

Vegen er opna, men der er manuell dirigering, får Strilen opplyst hos vaktsentralen i Statens vegvesen.

Det har tidlegare gått fleire ras på denne strekninga.

Også vegen gjennom Ynnesdalen er opna att etter at han tidlegare i dag var stengd på grunn av ras.

[11.03.10 09:08]

Droppa bil på sjøen

MELAND: Seint søndag kveld vart det observert to bilar på veg ned til kaien på Revskar i Meland, men berre ein kom opp att.

Vedkomande som observerte bilane gjekk ned på kaien for å sjekka kor det vart av den andre bilen, men dei einaste spora han fann gjekk rett på sjøen. Dermed vart politiet tilkalla og dei kan stadfesta at det ligg ein bil der.No ber politiet dei som har dumpa bilen der om å melda seg slik at dei saman med politiet kan koma til ei ordning med å få bilen opp. – Elles kjem politiet til å ta bilen oppatt, og då vert det ei heilt anna sak, seier politioverbetjent Svein Fammestad ved Nordhordland lensmannskontor.
Kvifor bilen vart droppa slik, vil ikkje Fammestad spekulera i. Men han forklarer at det kan vera alt frå forsikringsbedrageri til at bilen er stolen.
– Folk har så mange rare idear i dag, så det er ikkje godt å vita, seier han. 

[10.03.10 17:50]

Hordablæsten i Radøy-regi att

Radøy Brass og Sæbø skulemusikklag står på nytt som tekniske arrangørar av korpskonkurransen Hordablæsten i Grieghallen. 

Det gjorde dei to korpsa også i 2006 og 2007.

I alt deltek 50 skulekorps med over 1600 deltakarar, om lag same antal som dei siste åra.

– Med 90 solistar og 90 ensemble er det fleire påmelde i konkurransane enn nokon gong. 20 dommarar skal vurdera prestasjonane. Det skal også arrangerast eit aspirantseminar med 250 deltakarar, opplyser prosjektleiar Kjartan Sylta i Radøy Brass.

Frå Nordhordland deltek det denne gongen ni korps.

– Frå arrangørane stiller me 40 frivillige fredag og 60 på laurdag. Laga vil sitja att med eit bra overskot, men med kring 2000 dugnadstimar vert det ikkje snakk om så høg timesbetaling, seier prosjektleiar Kjartan Sylta i Radøy Brass.

Det meste av spelinga skjer i Grieghallen, men St. Paul skule like ved må også takast i bruk. Festkonsert og premieutdeling vert i Grieghallen laurdag kveld.

[10.03.10 17:45]

Promillekjørte til Mongstad

Ein austeuropear vart natt til søndag i halv tretida teken for mistanke om promillekjøring på Mongstad. Då hadde mannen, som hadde to andre rusa austeuropeiske passasjerar i bilen, kjørt frå Lindås.

Politiet fekk melding om kjøreturen hjå folk på Lindås som såg at mannen var rusa då han sette seg i bilen, opplyser politioverbetjent Kjell-Idar Vangberg  ved Nordhordland lensmannsdistrikt.

[08.03.10 18:09]

Straumbrot på Sandnes

MASFJORDEN: Teknisk feil i ein transformator førde til straumbrot hos 28 husstandar på Sandnes torsdag kveld. Det var og brannutrykking fordi det var røykutvikling i transformatoren.

Straumen var borte i vel fire timar frå klokka halv sju. Feilen er no mellombels utbetra, får Strilen opplyst hos BKK.

[05.03.10 23:24]

Bjørn West-film på Frekhaug

Den nye Bjørn West-filmen skal visast på Nordhordland Folkehøgs-kule på Frekhaug fredag 19. mars. Det er 18 år gamle Christer Steffensen frå Frekhaug som har laga film om Bjørn West-gruppa,

og det som skjedde i Masfjordfjella på slutten av andre verdskrigen.

[05.03.10 23:23]

Vil ha minibank på Masfjordnes

Sandnes Vel ber om at Sparebanken Vest set opp ein minibank i kommunehuset på Masfjordnes. Næraste minibank er i Knarvik eller på Hosteland. Til den siste må folk ta ferje.

Banken hadde tidlegare avdelingskontor i kommunehuset. Sandnes Vel meiner ein minibank er viktig både for fastbuande og tilreisande.

[05.03.10 23:20]

Sjølvmelding og ­pin-kodar

For å levera sjølvmeldinga på nett, treng du pin-kodar. Finn du ikkje desse når sjølvmeldinga kjem i posten i slutten av mars, kan du bestilla nye hjå www.skatteetaten.no eller via sms, skriv Skatt vest i ei pressemelding.


Pinkodar er tidlegare sendt alle i eit brev frå Skatteetaten, men har ein ikkje dette brevet, kan ein bestilla nytt. Dersom du er registrert som MinID-brukar, treng du ikkje brevet med pin-kodar.

Alt frå 23. mars kan ein sjå på og eventuelt levera sjølvmeldinga på nett. Har du ingen endringar, treng du ikkje levera. Dersom du tidlegare har valt å få sjølvmeldinga berre elektronisk, vil du få sms og e-post om at sjølvmeldinga er tilgjengeleg på www.skatteetaten.no, skriv Skatt vest.

[03.03.10 17:07]

Stakk etter påkjørsle

MELAND: Ein bilførar stakk tysdag av etter å ha kjørt på ein annan bil på flaten ved Litlebergen. No ber han som vart påkjørt, den andre bilføraren om å melda seg for politiet. Påkjørsla skjedde midt på lyse dagen.

Men verken føraren i bilen som vart påkjørt, eller politiet, klarte å finna «gjerningsbilen».

– Bilen kjørte i retning Grasdal, men trass i at han som vart påkjørt prøvde å kjøra etter, og me rykte ut med to bilar, forsvann bilen for oss, seier politioverbetjent Svein Fammestad ved Nord-hordland lensmannsdistrikt.

Bilen som vart påkjørt fekk store skadar. Kor skadd den andre bilen vart, veit ein så langt ikkje. Den forsvunne bilen er etter alt å døma ein blå Nissan Sunny. Det skal ha vore vitne til hendinga.

[03.03.10 17:05]

Frikjend for incest

Trass i at han har tilstått at han hadde seksuell omgang med søster si, er ein mann frå Nord­hordland frikjend i Nordhord­land tingrett. Grunnen er at dei seksuelle handlingane ligg meir enn ti år tilbake i tid.

Skulle mannen vorte dømd, måtte det vorte bevist at han hadde sex med søstera før ho fylte 14 år, og det har ikkje retten kunna fastslå. Mannen er åtte år eldre enn søstera, og misbruket skal ha skjedd i barndomsheimen til dei begge.

Søstera har måtta gå til psykolog etter misbruket, og mannen er dømd til å betala 2.815 kroner i psykologhonorar. Vidare må han betala 100.000 kroner i oppreising til søstera.

[03.03.10 17:04]

Røykjer mindre, ­snusar mest

Dei siste ti-tolv åra har talet på daglegrøykjarar gått ned, spesielt blant unge. Men ungdomen snusar mest. Det viser ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå.
Blant dei mellom 16 og 74 år var det 21 prosent som røykte dagleg i fjor, medan seks prosent snuste dagleg.

Dei som røykjer mest, er dei mellom 45 og 64 år. Rundt 17 prosent av unge mellom 16 og 24 år røykte dagleg i fjor.

Når det gjeld bruk av snus, viser undersøkinga at heile 21 prosent av menn mellom 16 og 24 år brukar snus dagleg. For kvinnene i same alder er talet fire prosent.

Under­søkinga viser at utdanningsnivå og røyking heng saman. Medan halvparten av unge med grunnskuleutdanning røykjer, er det berre éin femtedel av dei med universitets- og høgskuleutdanning som røykjer.

[01.03.10 19:19]

Kjørte godt mygla

ÅSANE/RADØY: Ein austeuropeisk mann vart laurdag kveld fråteken førarkortet etter at han godt mygla hadde hatt seg ein lengre kjøretur.
Det var ein observant mann i bilen bak vedkomande som varsla politiet då han syntest det vart litt rar kjøring framfor han. 

Då var mannen på veg nordover frå Åsane. Politiet følgde etter mannen mot Radøy, og fekk stoppa han i Bøvågen. Politiet sitt utstyr viste at han hadde 1,36 i promille. Mannen vart straks teken med til Knarvik for blodprøvetaking.

– Det er flott at folk melder frå når dei har mistanke om promillekjøring, seier politioverbetjent Svein Fam­mestad ved Nordhordland lensmannsdistrikt.

[01.03.10 19:17]

«Comabar» på tur i Fensfjorden

Lasteskipet MS «Comabar» var få minutt frå å gå på grunn i Fensfjorden natt til laurdag. Nesten­ulukka fann stad etter at skipet miste motorkrafta, skriv Bergens Tiden­de. Det var kystvakt­skipet KV «Ålesund» som kom til unnsetning, dei låg førti minutt gangtid unna.

«Ålesund» nådde fram til «Comabar» då skipet var hundre meter unna undervasskjeret Mikkels­bo­ene, mellom Grime­skjeret og Holmengrå i Fensfjorden. Det var liten kuling frå nordaust natt til laurdag.

[01.03.10 19:16]

Meld deg på Eggstockfestivalen

Er du med i eit band med eigen musikk og sjølvskrivne tekstar? Då har du oppfylt to av fem kriterium for å delta på årets Eggstockfestival. Festivalen opnar for påmelding førstkomande onsdag.

Eggstockfestivalen har røter tilbake til 1960-tallet og er Noregs einaste festival der hovudfokuset er på ungdommen. Det er også den einaste festivalen der banda sjølve bookar seg inn, etter eit «førstemann til mølla-prinsipp». Det er stor kamp om plassane, og tidlegare år har festivalen blitt fullbooka på 30 minutt, heiter det i pressemelding frå festivalleiinga.

Festivalen har plass til 24 band, og 10 av desse vil verta plukka ut til finaledagen der ein kan vinna flotte premier frå festivalen sine samarbeidspartnarar. Vinnarane skal kårast i kategoriane beste gitarist, beste bassist, beste trommis og beste vokalist. I tillegg kjem beste band, yngste band og publikumspris.

I tillegg til å ha komponert musikk og tekstar sjølv, er kravet for å delta at musikarane berre kan opptre i ein bandkonstellasjon. I bandet må 2/3 av musikarane vera under 26 år. Bandet må også vera uetablert utan profesjonelt apparat rundt seg og vera frå Hordaland.

[26.02.10 18:00]

Berre litt gratis

I tysdagsavisa har me vore vel rause på TV2 sine vegner, i samband med tittelen til saka om oppussingsprogrammet «Tid for hjem». Riktig nok er det gratis med både alle idear og alt handverk og arbeid som vert utført, slik overskrifta seier.

Men produksjonsleiar i programmet vil gjerne presisera at material og møblar vert valt ut frå eigar sine budsjettrammer, og eigar betaler altså dette sjølv.

Fleire lesarar har også lurt på korleis dei kan melda oppussingsobjektet sitt på hjå TV2. Då må det søknad til, og den sender du til annet@tidforhjem.no.

[26.02.10 17:58]

Siste kortnytt

Mest lest

Eldre artikler

På forsiden nå