Strilen / Nyheter / Jet-drivstoff går med tankbil frå Mongstad
Brukernavn 
Passord 
 
Jet-drivstoff går med tankbil frå Mongstad

Jet-drivstoff går med tankbil frå Mongstad

Dei næraste månadene vil jet-drivstoff til flya på Flesland verta frakta med tankbil frå Mongstad.

Publisert 02.02.10 15:44
Endret 02.02.10 15:44

Normalt går denne transporten med båt til Dolviken i Fana, og så verta drivstoffet sendt i røyrleidning derifrå til Flesland.

Vedlikehald
– Det skal utførast vedlikehald på tankanlegget i Dolviken, og difor vil jet-drivstoffet dei næraste månadene gå med tankbilar frå Mongstad, seier informasjonsleiar Jon Halstein Tjore hos Statoil Mongstad til Strilen.

Ikkje farleg
Men Tjore vil ikkje dramatisera situasjonen, sjølv om det er snakk om 35-40 transportar i veka.

– Jet-drivstoff er ikkje meir eksplosivt enn vanleg bensin, snarare tvert om, seier han.

Tjore seier at jet-drivstoffet er parafin. Det er elles ikkje første gongen jet-drivstoff vert frakta landevegen frå Mongstad til Flesland. Det har også hendt tidlegare i samband med arbeid på tankanlegget, seier Tjore.

Informasjonsleiaren seier at det ikkje er økonomiske grunnar for å bruka tankbilar framfor båt, for det er dyrare å frakta drivstoffet landevegen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Solstikk» på ny skule

«Solstikk» på ny skule

KNARVIK: Fasaden er fin, men elevteikningar er neppe god nok solskjerm på den nye ungdomsskulen.

    17.maistemning for over/undergang

    17.maistemning for over/undergang

    LINDÅS: Det var reine 17.maistemninga på Hundvin i dag etter at fylkestinget i går, tysdag, løyvde 15 millionar kroner til gang- og sykkelveg ved butikken på Konglevoll.

      Norovirus på Knarvik sjukeheim

      Norovirus på Knarvik sjukeheim

      16 bebuarar på Knarvik sjukeheim er smitta av Noroviruset. – At dei eldre er smitta, er uheldig, seier kommunelege Lars K. Lie, som har sett restriksjonar på besøk.

        Byggjer ut i Alvermarka

        Byggjer ut i Alvermarka

        Den kristne grunnskulen i Alvermarka får ny andre-etasje.

          Med ein 6. sans i magen

          Med ein 6. sans i magen

          LINDÅS: Dersom du lurte på om det var Tore André Ekerhovd du såg på fjernsynet i går kveld, så såg du ikkje syner.

            Ras stengde veg

            Ras stengde veg

            GULEN: Fleire snøras stengde i dag, måndag, Fv 5 ved Kringla

              Siste kortnytt

              Mest lest

              På forsiden nå