Strilen / Nyheter / Faren over etter gasslekkasje på Mongstad
Brukernavn 
Passord 
 
Faren over etter gasslekkasje på Mongstad

Faren over etter gasslekkasje på Mongstad

Over 700 vart evakuert etter gasslekkasje måndag føremiddag, men om lag 11.05 var faren over.

Publisert 08.02.10 10:05
Endret 08.02.10 17:03

– Alarmen gjekk klokka 09.15. Om lag klokka 11.05 gjekk «faren over»-signalet, og då kunne tilsette returnera til sin sine arbeidsplassar, opplyser informasjonsleiar Jon Halstein Tjore ved Statoil Mongstad til Strilen. Først heitte det at 200 vart evakuerte, men rette talet er 700 personar.

Svært farleg gass
Lekkasjen oppstod i ein røyrflens åtte meter over bakken. Den står inntil ein prosesstank i anlegget der Statoil Mongstad produserer LPG-gass.
Lekkasjen vart oppdaga tilfeldig på ein rutinemessig inspeksjonsrunde.
LPG-gass er flytande gass under trykk. Det var ei blanding av propan og metan som seiv ut frå ein reaktor. Denne gassen er svært brannfarleg og eksplosiv, og også giftig for menneske i konsentrert form.

Tok ned trykket
Då alarmmeldinga gjekk ut, var Statoil allereie i ferd med å ta trykket ut av den eine av tre tankar med LPG-gass. Om lag 25 personar var i området nærast til der uhellet skjedde.
Klokka 09.40 vart det meldt at lekkasjen var under kontroll, og så  føregjekk det nedkjøling på området utover føremiddagen. Etter klokka 11 var situasjonen omtrent tilbake til det normale, men reaktoren der lekkasjen skjedde, er stengt ned. Avlasting av trykk og tøming for gass er heilt naudsynt å foreta før arbeidarar går inn og tettar lekkasjen.

Full utrykking
Umiddelbart etter at gasslekkasjen vart registrert, vart både politiet og Petroleumstilsynet varsla.
Brannmannskap frå både Austrheim og Lindås og Meland brannvern vart kalla ut for å assistera Statoil Mongstad sitt eige mannskap.
– Dei tilsette er trena på dette, og eg har ikkje oppfatta at det  oppstod nokon panikk, seier informasjonsleiar Tjore.
– Der lekkasjen oppstod, vert det laga gass til bensin, og det er klart at det kan vera fare for antenning. Eg kan førebels ikkje seia noko meir detaljert om korleis lekkasjen har oppstått, sa Tjore til Strilen i går.


Tilsynet i møte
Pressetalsmann i Petroleums-
tilsynet, Ole-Johan Faret, seier at dei har følgt saka tett, og at tilsynsmyndigheitene skulle ha eit oppsummeringsmøte med Statoil i går ettermiddag.  
– Sjølv om det ikkje ser ut til å ha vore ein stor gasslekkasje, har me inga formeining om alvorsgraden no, seier Faret til Petro.no.
Faret ville ikkje seia måndag om det er aktuelt å setja i gang noka eiga gransking av hendinga.
– Me treng meir informasjon om kva som har skjedd først, sa Faret til Petro.no.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Norovirus på Knarvik sjukeheim

Norovirus på Knarvik sjukeheim

16 bebuarar på Knarvik sjukeheim er smitta av Noroviruset. – At dei eldre er smitta, er uheldig, seier kommunelege Lars K. Lie, som har sett restriksjonar på besøk.

    Byggjer ut i Alvermarka

    Byggjer ut i Alvermarka

    Den kristne grunnskulen i Alvermarka får ny andre-etasje.

      Med ein 6. sans i magen

      Med ein 6. sans i magen

      LINDÅS: Dersom du lurte på om det var Tore André Ekerhovd du såg på fjernsynet i går kveld, så såg du ikkje syner.

        Ras stengde veg

        Ras stengde veg

        GULEN: Fleire snøras stengde i dag, måndag, Fv 5 ved Kringla

          Hallén fotballpresident

          Hallén fotballpresident

          Ynge Hallén (41) frå Alversund er vald til ny fotballpresident.

            Rosedyrking på smertegrensa

            Rosedyrking på smertegrensa

            MELAND: Å dyrka roser i ein så kald vinter som i år med høge energiutgifter, er ein risikosport.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              På forsiden nå