Strilen / Nyheter / Balder kjempar mot kiloane
Brukernavn 
Passord 
 
Balder kjempar mot kiloane

Balder kjempar mot kiloane

Beagelen Balder (9) har for mange kilo å dra på. Matmor Therese Bakke vil gjerne hjelpa.

Publisert 03.02.10 17:25
Endret 03.02.10 19:34

På fjernsynet kan du sjå overvektige amerikanarar kjempa om tittelen «The Biggest Loser». Men det er ikkje berre tobeinte som slit med vekta i eit stillesitjande samfunn. Mange firbeinte kan også ha godt av ein slankekur. Det har Knarvik dyreklinikk tatt konsekvensen av.

Lokal «konkurranse»
– Me vil gjerne setja fokus på overvekt hjå hund og katt. Difor har me laga til ein liten konkurranse, for å motivera dyreeigarar til å ta tak i problemet, seier Therese Bakke.

Ho er assistent ved dyreklinikken i Knarvik, og har sjølv ein hund som slit med overvekt.

Då beagelen hennar Balder vart sett på vekta for ei tid tilbake, vog han 24 kg. Det er mykje for ein liten hund.

– For mindre dyr kan to-tre kilo overvekt ha mykje å seia. Spesielt når dei begynner å dra på åra. Overvekt kan redusera levealderen, og auka faren for hjarte- og karsjukdom, sukkersjuke og påkjenninga på skjelettet. Akkurat som hjå menneske, seier Bakke, og får støtte av veterinær Torunn Keilegavlen.

– Idealvekta vil variera noko, det må ein ta omsyn til. Balder er kraftig bygd. For han vil nok idealet vera 17-18 kg, så me har ein jobb å gjera, seier Bakke.

Godbitane lokkar
Det er mange årsaker til at kjæledyr får problem med vekta. Tiggande auge ved bordet kan vera vanskeleg å motstå.

– Mange stikk til dyra godbitar i løpet av dagen, oftast på toppen av den daglege fôrrasjonen. Då går dei fort opp i vekt, seier Bakke.

Også andre forhold verkar inn på magemålet.
– Dyr som er kastrerte legg lettare på seg. Dei som kastrerer hunden eller katten sin opplever ofte at dei må skjera ned på fôrmengda. Det er Balder eit godt døme på. Han har også problem med stoffskifte. Det gjev ekstra utfordringar for ein del kjæledyr, seier Bakke.

Skritteljar og vekt
Balder har alt vore på vekta hjå dyrlegen fleire gonger, og i tida framover håpar dei tilsette ved klinikken at han skal få selskap av mange fleire.

– Fôrprodusenten Royal Canin har lansert kampanjen «The Biggest Loser», og me synest at kampanjen verka god, og vil følgja same opplegget. Kampanjen er retta mot hundar og kattar og inneber at dyret vert sett på eit spesielt slankefor. Eigaren får utlevert ein skritteljar til seg sjølv og ei vekt til å vega opp foret. Slik vil me motivera til auka aktivitet og hjelpa eigaren å finna riktig mengde fôr til sitt dyr, seier Bakke.

På dyrlegeklinikken opplever dei at folk er litt flaue når dei kjem inn med overvektige dyr.

– Det er dumt. Nokre eigarar er redde for at me skal tru at dei er uansvarlege fordi dei har overvektige dyr. Det gjer me ikkje. Overvekt er eit vanleg problem, som ein kan slita med uansett om ein er nøye med fôringa. Det er ikkje enkelt å setja ein hund eller katt på slankekur, seier Bakke, som synest eigarar som tek tak i problemet bør vera stolte av seg sjølv.

Ei utfordring
På dyreklinikken oppfordrar dei folk til å stikka innom og spørja dersom dei lurar på noko.

– Me tek ikkje betalt for å gje folk gode råd i resepsjonen her. Det er ein del ting ein bør tenkja gjennom før ein set kjæledyra på slankekur. Det er ikkje alltid lett å vurdera om eit dyr treng å gå ned i vekt og kva som er realistisk for det enkelte dyret, seier Bakke.

Konkurransen om kiloa er alt i gang, og vil halda fram ei stund utover våren. Folk og dyr kan hengja seg på når dei vil.

– Dei som melder seg på får oppfølging i 12 veker, med jamlege vektkontrollar hjå oss. Dei må betala for fôret, men kontrollane hjå dyrlegen er gratis. For å motivera litt ekstra kårar me også ein vinnar. Det er ikkje nødvendigvis den som slankar bort flest kilo. Vinnaren vert kåra ut ifrå ei heilskapleg vurdering av resultatet til det enkelte dyr, seier Bakke.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Norovirus på Knarvik sjukeheim

Norovirus på Knarvik sjukeheim

16 bebuarar på Knarvik sjukeheim er smitta av Noroviruset. – At dei eldre er smitta, er uheldig, seier kommunelege Lars K. Lie, som har sett restriksjonar på besøk.

    Byggjer ut i Alvermarka

    Byggjer ut i Alvermarka

    Den kristne grunnskulen i Alvermarka får ny andre-etasje.

      Med ein 6. sans i magen

      Med ein 6. sans i magen

      LINDÅS: Dersom du lurte på om det var Tore André Ekerhovd du såg på fjernsynet i går kveld, så såg du ikkje syner.

        Ras stengde veg

        Ras stengde veg

        GULEN: Fleire snøras stengde i dag, måndag, Fv 5 ved Kringla

          Hallén fotballpresident

          Hallén fotballpresident

          Ynge Hallén (41) frå Alversund er vald til ny fotballpresident.

            Rosedyrking på smertegrensa

            Rosedyrking på smertegrensa

            MELAND: Å dyrka roser i ein så kald vinter som i år med høge energiutgifter, er ein risikosport.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              På forsiden nå