– Ikkje heimel for å døma Erstad
GULEN: Forsvarar Torbjørn Kolås meiner det ikkje er lovheimel for å døma hans klient Karl Jahn Erstad i Vest Tank-saka.
Endret 29.01.10 17:55
– Erstad var innleigd som konsulent, og då er det ikkje heimel i lova for å døma han i denne saka, seier Torbjørn Kolås til Strilen.
Dette var ein av grunnane til at Kolås gjekk inn for full frifinning av Erstad då han hadde sitt sluttinnlegg i Vest Tank-rettssaka torsdag.
Nye stoff
Kolås meiner og at det i rettssaka er ført prov for at tankane i Sløvåg inneheldt fleire andre stoff enn det Erstad visste om då han gav sine råd om korleis avfallstoffet i tankane skulle handsamast.
– Det har kome fram at der var både MTBE, metanol, etanol og andre stoff, seier Kolås. Erstad har difor ikkje vist aktløyse, meiner han.
Nye teoriar
Kolås meiner og at det i rettssaka har kome fram vitneprov frå kjemiske ekspertar som dreg Økokrim sine teoriar om kva som utløyste eksplosjonen 24. mai 2007, sterkt i tvil. Dette bør og påverka dommen, meiner han.
Dette er ekspertise som Trond Emblem, eigar av Vest Tank og den eine tiltalte i saka, har leigd inn og betalt av eiga lomme.
Rettstryggleik
I Bergens Tidende i går gjekk Emblem sin advokat Per Magne Kristiansen ut og hevda at det er eit trugsmål mot rettstryggleiken at tiltalte sin privatøkonomi skal ha innverknad på utfallet av ei sak.
Kristiansen gjekk også inn for full frifinning av sin klient.
Rettssaka vart avslutta torsdag. Det vil truleg gå nokre veker før dommen fell, og mykje tyder på at saka vert anka uansett utfallet av dommen.
Norovirus på Knarvik sjukeheim
16 bebuarar på Knarvik sjukeheim er smitta av Noroviruset. – At dei eldre er smitta, er uheldig, seier kommunelege Lars K. Lie, som har sett restriksjonar på besøk.
Med ein 6. sans i magen
LINDÅS: Dersom du lurte på om det var Tore André Ekerhovd du såg på fjernsynet i går kveld, så såg du ikkje syner.
Siste kortnytt
- Promillekjørte til Mongstad [08.03.10 18:09]
- Straumbrot på Sandnes [05.03.10 23:24]
- Bjørn West-film på Frekhaug [05.03.10 23:23]
- Vil ha minibank på Masfjordnes [05.03.10 23:20]
- Sjølvmelding og pin-kodar [03.03.10 17:07]
- Stakk etter påkjørsle [03.03.10 17:05]
- Frikjend for incest [03.03.10 17:04]
- Røykjer mindre, snusar mest [01.03.10 19:19]
- Kjørte godt mygla [01.03.10 19:17]
- «Comabar» på tur i Fensfjorden [01.03.10 19:16]
- Meld deg på Eggstockfestivalen [26.02.10 18:00]
- Berre litt gratis [26.02.10 17:58]
- Blar opp for skiløype [24.02.10 17:37]
- – Hjelp kvarandre i snøen [24.02.10 17:36]
- Vassendgutane til Knarvik [24.02.10 17:35]
- Teken utan førarkort [22.02.10 17:38]
- Fekk på kjeften [22.02.10 17:36]
- Griskjørte på brua [22.02.10 17:19]
- Voss kallar unge filmtalent [19.02.10 17:46]
- Meland-møte om idrettsanlegg [19.02.10 17:34]
Mest lest
- Skadd i frontkollisjon [26.02.10 17:04]
- Lindex opnar trass i forbod [24.02.10 20:21]
- Delar av hytteparadiset kan ryka [20.02.10 11:02]
- Kjempekrabbe i garnet [08.02.10 16:38]
- Solsvik gjev opp Garveriet-drifta [01.03.10 19:09]
- Forlangar hytter rivne [01.03.10 18:27]
- Flaug utfor brua [22.02.10 17:55]
- Føler seg uthengt på Facebook [06.03.10 01:04]
- Dette er ein havabbor [15.02.10 18:09]
- 121, 5 kg breiflabb [13.02.10 21:12]
- Snøkaos på vegane [23.02.10 12:46]
- Åtvarar mot tjuvar [12.02.10 17:46]
- – Knarvik nord vil dø ut [12.02.10 17:34]
- 22 husvære ved Hordasmia [09.02.10 14:10]
- Krev svar etter NRK-oppslag om brenning [01.03.10 18:53]
- Breiflabb i verdsklasse [10.02.10 17:25]
- Kollisjon ved Bjørsvik [22.02.10 17:41]
- Faren over etter gasslekkasje på Mongstad [08.02.10 17:03]
- – Hallo, kan nokon hjelpa meg? [16.02.10 08:11]
- – Rått [06.03.10 01:06]
Mest tipset
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Anne klar for Grand Prix [30.12.07 13:19]







