Naust til glede og sorg
Fem naust med balkong i Skjelsundet i Masfjorden er lovlege, har Fylkesmannen i Hordaland slått fast.
Endret 03.02.10 17:14
Saka har vekt heftig politisk debatt i kommunen. Den starta med at søkjarane, inkludert lokalpolitikar Willy Borge, fekk byggjeløyve gjennom eit administrativt vedtak. På ei synfaring kom andre politikarar til at nausta var bygde i strid med kommunen sine eigne retningslinjer. Dei var høgare enn reglane seier, og dei hadde ulovleg balkong. Dermed valde kommunestyret å trekkja tilbake byggjeløyvet og starta prosessen på nytt.
I ettertid går me ut frå at kommunestyret innser at dei har trakka skeivt. Den reaksjonen dei valde, har nok vore gjort i god tru og kanskje ut frå eit ønskje om «å statuera eit eksempel». Masfjorden vil ikkje framstå som ein kommune der politikarar og andre kan byggja store og flotte naust i strid med regelverket. Men her har kommunestyret, ikkje overraskande, fått ein god smekk over fingrane: Utbyggjarane har handla i god tru, i tråd med eit skriftleg byggjeløyve med kommunen sitt stempel.
Vedtaket om å trekkja eit byggjeløyve etter at nausta har kome opp, nærmar seg kanskje ein reaksjon mot dei det gjeld som kommunen bør beklaga. Men på den andre sida må utbyggjarane leva med at enkelte sit att med eit inntrykk av at dei har «prøvd seg» mot betre vitande.
Politikarane har fått markera at dei vil følgja sine eigne reglar. Men dei kunne neppe ha kome på bana tidsnok til å hindra bygging som var godkjend i strid med reglane. Heldigvis har Fylkesmannen slått fast at å starta ny behandling i ettertid ikkje er nokon farbar veg.
Hadde ein kommune då fått medhald, måtte ein vera klar til punga ut med dei tusenlappane det kosta å endra ferdige bygg. Det var noko heilt anna om utbyggjarane hadde tatt seg til rette, som me har fleire døme på at både Radøy og Lindås har reagert på. Då har utbyggjarane måtta blødd økonomisk.
Denne saka er eit døme på dårleg administrativt handverk som me reknar med rådmann Lovisa Midtbø for lengst har gripe fatt i. Reglane for korleis eit naust i Masfjorden skal sjå ut, bør hengja på eit A-3 ark på veggen der søknader om byggjeløyve skal behandlast.
Både politikarar og administrasjon får vera glade for at Fylkesmannen har slått fast at saka ikkje skal danna mønster for seinare saker. Alle kommunar må unngå å koma opp i slike tilfelle.
Ras mot bil i Lindås
Ei kvinne slapp med skrekken då 200 meter kommunal veg vart øydelagt av ras torsdag kveld.
Fryktar forgubbing utan einebustader
KNARVIK: Knarvik kan verta ein pensjonisthovudstad med berre nye leilegheiter, fryktar Alexander Kittang.
– Ikkje lærar, men lærarinne
LINDÅS: Målsak, språk og kjønn var tema for 8. mars-markeringa i Knarvik.
Siste kortnytt
- Manuell dirigering ved Brekke [11.03.10 09:08]
- Droppa bil på sjøen [10.03.10 17:50]
- Hordablæsten i Radøy-regi att [10.03.10 17:45]
- Promillekjørte til Mongstad [08.03.10 18:09]
- Straumbrot på Sandnes [05.03.10 23:24]
- Bjørn West-film på Frekhaug [05.03.10 23:23]
- Vil ha minibank på Masfjordnes [05.03.10 23:20]
- Sjølvmelding og pin-kodar [03.03.10 17:07]
- Stakk etter påkjørsle [03.03.10 17:05]
- Frikjend for incest [03.03.10 17:04]
- Røykjer mindre, snusar mest [01.03.10 19:19]
- Kjørte godt mygla [01.03.10 19:17]
- «Comabar» på tur i Fensfjorden [01.03.10 19:16]
- Meld deg på Eggstockfestivalen [26.02.10 18:00]
- Berre litt gratis [26.02.10 17:58]
- Blar opp for skiløype [24.02.10 17:37]
- – Hjelp kvarandre i snøen [24.02.10 17:36]
- Vassendgutane til Knarvik [24.02.10 17:35]
- Teken utan førarkort [22.02.10 17:38]
- Fekk på kjeften [22.02.10 17:36]
Mest lest
- Skadd i frontkollisjon [26.02.10 17:04]
- Lindex opnar trass i forbod [24.02.10 20:21]
- Delar av hytteparadiset kan ryka [20.02.10 11:02]
- Solsvik gjev opp Garveriet-drifta [01.03.10 19:09]
- Forlangar hytter rivne [01.03.10 18:27]
- Føler seg uthengt på Facebook [06.03.10 01:04]
- Flaug utfor brua [22.02.10 17:55]
- 121, 5 kg breiflabb [13.02.10 21:12]
- Dette er ein havabbor [15.02.10 18:09]
- Snøkaos på vegane [23.02.10 12:46]
- Åtvarar mot tjuvar [12.02.10 17:46]
- – Knarvik nord vil dø ut [12.02.10 17:34]
- Krev svar etter NRK-oppslag om brenning [01.03.10 18:53]
- – Rått [06.03.10 01:06]
- Med ein 6. sans i magen [08.03.10 17:56]
- Breiflabb i verdsklasse [10.02.10 17:25]
- Kollisjon ved Bjørsvik [22.02.10 17:41]
- – Hallo, kan nokon hjelpa meg? [16.02.10 08:11]
- Kjempekrabbe i garnet [08.02.10 16:38]
- Lastebil i brann [03.03.10 21:06]
Mest tipset
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Anne klar for Grand Prix [30.12.07 13:19]






