Intenst stykke – intens øving
MANGER: Erlend Aagaard Nilsen og dei andre i Manger Musikklag viste intens konsentrasjon og fekk fram bodskapen, på før-NM-konserten søndag.
Endret 02.02.10 15:48
No går Manger Musikklag og andre brassband i heile landet inn i ei intens øvingsveke fram mot noregsmeisterskapen til helga. Søndag inviterte musikklaget til før-nm-konsert i Radøyhallen, og viste at dei er på god veg mot det som kan verta gode resultat. I alle fall hausta Manger Musikklag og dirigent Peter Szilvay ståande applaus på heimebane etter konserten.
Ei reise
Konserten vart opna av vertane, med det som er pliktnummer i årets NM, nemleg «Sketches from Nowhere» av Thomas Doss. Stykket skildrar ei reise frå ingenting, og slik høyrdest det også ut då Manger Musikklag framførte det.
Dei tok publikum med gjennom ei interessant opning og vidare inn i det som høyrdest ut som ei reise i verdsrommet, mot fantastiske nye planetar og kaos mot svarte hol. Musikklaget formidla godt og intenst. Men pliktnummeret er ikkje det einaste som skal sitja til helga.
I elitedivisjonen spelar ein to konsertar i NM, og konsert nummer to er eit sjølvvald stykke. «...Dove Descending» av Philip Wilby er Manger sitt sjølvvalte stykke i år. Det framfører dei i Grieghallen laurdag ettermiddag.
Fleire lokale
I Radøyhallen søndag var fleire korps med for å gje publikum smakebitar på NM.
Radøy Brass kom på scena etter Manger Musikklag og framførte «Coventry Variations» av Bramwell Tovey. Radøy stiller i andredivisjon i NM i år, med dirigent Tormod Flaten. Med på konserten var også Haukås Musikklag, samt Manger Old Star Brass, som skal spela i tredjedivisjon i NM. Sistnemnde skal spela «Salute to Youth» av Gilbert Vinter.
Meir elite
Strilelandet er også brass-land, og når NM går av stabelen til helga, er mange lokale korps med, som vanleg. Og også dei spelar konsertar i forkant.
Elitekorpset Eikanger-Bjørsvik musikklag spelte før-NM-konsert i Logen måndag kveld. Dei framfører stykket «Titan's Progress» av Hermann Pallhuber som sjølvvald stykke. Det er Dr. Nicholas Childs som dirigerer EBML.
Konsert onsdag
I morgon, onsdag, kan ein høyra om NM-formen er på plass hjå fleire lokale korps. Då inviterer Oster Brass til konsert i Knarren i Knarvik. Oster spelar i andredivisjon i år. Med seg på konserten har dei også Lindås Brass, som stiller i tredjedivisjon. Der finn me også Bjørsvik brass. I open klasse, ny ordning av året, finn me Knarvik Foreldrekorps og Seim Musikklag.
MOT FORMEN: Radøy Brass og dirigent Tormod Flaten arbeider seg no gjennom siste veka fram mot NM. Då skal alle tonar helst setjast presist og sikkert.
Ras mot bil i Lindås
Ei kvinne slapp med skrekken då 200 meter kommunal veg vart øydelagt av ras torsdag kveld.
Fryktar forgubbing utan einebustader
KNARVIK: Knarvik kan verta ein pensjonisthovudstad med berre nye leilegheiter, fryktar Alexander Kittang.
– Ikkje lærar, men lærarinne
LINDÅS: Målsak, språk og kjønn var tema for 8. mars-markeringa i Knarvik.
Siste kortnytt
- Manuell dirigering ved Brekke [11.03.10 09:08]
- Droppa bil på sjøen [10.03.10 17:50]
- Hordablæsten i Radøy-regi att [10.03.10 17:45]
- Promillekjørte til Mongstad [08.03.10 18:09]
- Straumbrot på Sandnes [05.03.10 23:24]
- Bjørn West-film på Frekhaug [05.03.10 23:23]
- Vil ha minibank på Masfjordnes [05.03.10 23:20]
- Sjølvmelding og pin-kodar [03.03.10 17:07]
- Stakk etter påkjørsle [03.03.10 17:05]
- Frikjend for incest [03.03.10 17:04]
- Røykjer mindre, snusar mest [01.03.10 19:19]
- Kjørte godt mygla [01.03.10 19:17]
- «Comabar» på tur i Fensfjorden [01.03.10 19:16]
- Meld deg på Eggstockfestivalen [26.02.10 18:00]
- Berre litt gratis [26.02.10 17:58]
- Blar opp for skiløype [24.02.10 17:37]
- – Hjelp kvarandre i snøen [24.02.10 17:36]
- Vassendgutane til Knarvik [24.02.10 17:35]
- Teken utan førarkort [22.02.10 17:38]
- Fekk på kjeften [22.02.10 17:36]
Mest lest
- Skadd i frontkollisjon [26.02.10 17:04]
- Lindex opnar trass i forbod [24.02.10 20:21]
- Delar av hytteparadiset kan ryka [20.02.10 11:02]
- Solsvik gjev opp Garveriet-drifta [01.03.10 19:09]
- Forlangar hytter rivne [01.03.10 18:27]
- Føler seg uthengt på Facebook [06.03.10 01:04]
- Flaug utfor brua [22.02.10 17:55]
- 121, 5 kg breiflabb [13.02.10 21:12]
- Dette er ein havabbor [15.02.10 18:09]
- Snøkaos på vegane [23.02.10 12:46]
- Åtvarar mot tjuvar [12.02.10 17:46]
- – Knarvik nord vil dø ut [12.02.10 17:34]
- Krev svar etter NRK-oppslag om brenning [01.03.10 18:53]
- – Rått [06.03.10 01:06]
- Med ein 6. sans i magen [08.03.10 17:56]
- Breiflabb i verdsklasse [10.02.10 17:25]
- Kollisjon ved Bjørsvik [22.02.10 17:41]
- – Hallo, kan nokon hjelpa meg? [16.02.10 08:11]
- Kjempekrabbe i garnet [08.02.10 16:38]
- Lastebil i brann [03.03.10 21:06]
Mest tipset
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Anne klar for Grand Prix [30.12.07 13:19]






