Promillekjørte til Mongstad

Ein austeuropear vart natt til søndag i halv tretida teken for mistanke om promillekjøring på Mongstad. Då hadde mannen, som hadde to andre rusa austeuropeiske passasjerar i bilen, kjørt frå Lindås.

[08.03.10 18:09]

Straumbrot på Sandnes

MASFJORDEN: Teknisk feil i ein transformator førde til straumbrot hos 28 husstandar på Sandnes torsdag kveld. Det var og brannutrykking fordi det var røykutvikling i transformatoren.

[05.03.10 23:24]

Bjørn West-film på Frekhaug

Den nye Bjørn West-filmen skal visast på Nordhordland Folkehøgs-kule på Frekhaug fredag 19. mars. Det er 18 år gamle Christer Steffensen frå Frekhaug som har laga film om Bjørn West-gruppa,

[05.03.10 23:23]
Brukernavn 
Passord 

Meir enn tvilsamt

Frykt for omkamp om heving av ubåten

Last ned Strilen si
næringsavis
04. mars 2010 her.


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Vil ikkje flytta barnehagen

Vil ikkje flytta barnehagen

GULEN: Både foreldre, Eivindvik UL og Eivindvik/ Gulen Sanitetslag vil helst at den nye barnehagen skal byggjast på same tomta der barnehagen er no.

Publisert 05.02.10 19:48
Endret 05.02.10 19:44

Bølgjene rundt barnehagen i Eivindvik har ikkje lagt seg, sjølv om eit fleirtal i kommunestyret før jul bestemte at den nye barnehagen skal koma i/ved skulen.
I eit felles brev til kommunen skriv foreldregruppa i barnehagen, Eivindvik UL og Eivindvik/Gulen Sanitetslag at den beste løysinga vil vera å byggja barnehagen på tomta der barnehagen ligg no. Her er borna kjende, og det ligg nær det uteområdet som borna brukar i dag.

Billegare
Brevskrivarane trur også at ei slik løysing vil verta den rimelegaste. Tomta ligg dessutan sentralt, med kort veg til bibliotek, båthamn og sentrum.
Eivindvik Ungdomslag tilbyr kommunen å bruka ungdomshuset Vårtun som barnehage i byggjeperioden.
I brevet vert det påpeika at dei andre barnehagane i kommunen ligg i sjølvstendige bygg sjølv om dei ligg like ved skulane. Ei slik løysing må også utgreiast i Eivindvik, viss kommunen ikkje vil byggja på noverande tomt.
Difor ber underskrivarane om at når arkitekt skal laga skisser og kostnadsoverslag for den nye barnehagen, må ei løysing med barnehage i eige bygg vera eitt av alternativa.

Færre plassar
I eit eige brev har Bjørg Undertun på vegner av dei tilsette påpeika at tilhøva i barnehagen i dag er svært lite tilfredsstillande. Der er altfor lite plass, og der er mykje støy.
«Slik vi har det no, føler vi sterkt på at Eivindvik barnehage er ein opphaldsstad for barna», heiter det i brevet.
Og vidare: «Dette er ei skam for den politiske leiinga at dei ikkje tek ansvar for barna og dei tilsette på denne arbeidsplassen».
Undertun føreslår at som ei mellombels løysing vert talet på plassar redusert frå 32 til 26.

Løysing
– Me har denne veka hatt møte med kommunen, der me har funne fram til ei løysing slik at me slepp å redusera talet på plassar, fortel styrar i barnehagen Mona Midtun til Strilen.
Det inneber at bemanninga på avdelinga på Haveland vert auka opp, slik at dei kan ta imot fleire born der.
Elles stiller ho seg fullt ut bak brevet frå dei tilsette når det gjeld situasjonen i barnehagen i dag og behovet for at noko vert gjort.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Norovirus på Knarvik sjukeheim

Norovirus på Knarvik sjukeheim

16 bebuarar på Knarvik sjukeheim er smitta av Noroviruset. – At dei eldre er smitta, er uheldig, seier kommunelege Lars K. Lie, som har sett restriksjonar på besøk.

    Byggjer ut i Alvermarka

    Byggjer ut i Alvermarka

    Den kristne grunnskulen i Alvermarka får ny andre-etasje.

      Med ein 6. sans i magen

      Med ein 6. sans i magen

      LINDÅS: Dersom du lurte på om det var Tore André Ekerhovd du såg på fjernsynet i går kveld, så såg du ikkje syner.

        Ras stengde veg

        Ras stengde veg

        GULEN: Fleire snøras stengde i dag, måndag, Fv 5 ved Kringla

          Hallén fotballpresident

          Hallén fotballpresident

          Ynge Hallén (41) frå Alversund er vald til ny fotballpresident.

            Rosedyrking på smertegrensa

            Rosedyrking på smertegrensa

            MELAND: Å dyrka roser i ein så kald vinter som i år med høge energiutgifter, er ein risikosport.

              Siste kortnytt

              Mest lest